Styret hos SPV
Styret i SNR, frå venstre Odd Nausdal, Ingvild Brekke Myhre, Randi Beate Hovland og Oddvar Hårde. Bak står Einar Almås, Reinert Horneland og Elisabeth Nonås Fylkesnes.

SNR styremøte hos Sparebanken Vest

14.02.2024 | Tekst: Torbjørn Brosvik
Dette året vil styret i Stord Næringsråd ha sine styremøter ute hjå ulike medlemsbedrifter. Først ut var besøk hos Sparebanken Vest.
I Sparebanken Vest sine lokaler i Borggata samlast styret for det første styremøte for året. Styreleiar og banksjef Einar Almås ønska velkomen og innleia med å fortelle om Sparebanken Vest.

- Vi er heldige og har vår aktivitet i den delen av landet som går best om dagen, seier Almås, og viser eit kart over verdiskaping. Samstundes er det svært låg arbeidsløyse på Vestlandet. Vi høyrer om at det er krevjande tider for bedrifter på austlandet og til dels i Bergen, men her på Stord opplever vi at det går godt i bedriftsmarknaden.

- Vi har akkurat annonsert at det vil bli eit rekordutbytte i år. Vi skal dele ut over ein milliard til kundane våre. I tillegg vil det vere ein stor pott der lag, organisasjonar, nabolag og frivilligheten elles kan søke om midlar til gode prosjekt, kan ein nøgd banksjef fortelle. Søknadsperioden for stønad i vår er frå 20. februar til 1. april og eg oppmodar alle gode tiltak på Stord om å søke.

Etter ein presentasjon frå Sparebanken Vest heldt styret fram sitt styremøte. Neste styremøte vil vere hjå Høgskulen på Vestlandet, på Rommetveit. Dersom de vil ha besøk frå styret hos diykkar bedrift er det berre å ta kontakt med Næringsrådet.
Bedriftsbesøk

LES FLEIRE NYHENDE