Veikonferansen
Ordførar Monika Lindaker i Tysvær opna Veikonferansen 2024.

Store forventningar til Nasjonal transportplan

09.02.2024 | Tekst: Torbjørn Brosvik
Rekordoppmøte på Veikonferansen 2024. Fagleg påfyll, fersk status på vegprosjekt og store forventningar til Nasjonal transportplan på konferansen i år.
Over 160 personar var tilstades på Tysværtunet for Veikonferansen 2024. Staden der hovudvegane E39 og E134 kryssar er eit naturleg møtepunkt for alle som er opptatt av gode og tenlege vegar både nord-sør og aust-vest.

Statssekretær i Samferdsledepartementet, Tom Kalsås (AP) forsikra dei frammøtte om at det no vert jobba knallhardt med ferdigstille Nasjonal transportplan (NTP). Regjeringa skal legge fram planen for Stortinget innan påske. Kalsås takkar for mange gode innspel frå næringslivet og er tydeleg på at det vert lytta til korleis fylka prioriterer prosjekta.

- Vi må ha ein plan som det kan styrast etter og følgast opp. Planen må vere ansvarleg og realistisk, fastslo Kalsås.

Fylkesordførar Jon Askeland i Vestland fylke var tydeleg på at dei prioriterte dei same prosjekta som Statens vegvesen løfta fram i sitt faglege innspel.

- Vi har sagt at vi vil ha K5 Arna - Stanghelle først, men at Vestland fylke støttar SVV i at E39 Ådland - Svegatjørn (Hordfast) vert planlagt vidare og starta opp, seier Askeland og viser til høyringsuttalen som fekk klart fleirtal i fylkestinget 15. juni 2023. Hordfast fekk 47 mot 16 røyster (SV, MDG og Raudt).


Utbyggingsdirektør i Statens vegvesen, Kjell Inge Davik presenterte etaten sine prioriteringar og korleis dei ulike prosjekta ligg an med tanke på modning og planlegging. Prosjekta med oransje piler er store prosjekt som ligg langs dei viktige vegane for oss på vestlandet.
 

NTP er førande dokument for Statens vegvesen. Rogfast er alt godt i gang og utbyggingsdirektør i Statens vegvesen, Kjell Inge Davik var tydeleg på at Hordfast må prioriterast. Eit av toppmåla i NTP er enklare reisekvardag og auka konkurranseevne for næringslivet.
 

-Det er store mulighetar for eit kraftsentrum når ein bind ein million personer mellom Stavanger og Bergen nærmare. Med reisetid under to timar, blir det ein enorm mulighet for hele regionen, sa Davik.



En av flere debatter under Veikonferansen. F.v: Øyvind Halleraker (Hordfast AS), Tore Gautesen, (Karmsund Havn), Marte Mjøs Persen (Ap), Terje Halleland (FrP), Sigbjørn Gjelsvik (Sp) og konferansier og debattleder Tormod Andreassen
Det var fleire debattar under Veikonferansen. F.v: Øyvind Halleraker (Hordfast AS), Tore Gautesen, (Karmsund Havn), Marte Mjøs Persen (Ap), Terje Halleland (FrP), Sigbjørn Gjelsvik (Sp) og konferansier og debattleder Tormod Andreassen.

Representantane frå regjeringspartia var på linje med statssekretæren og opptatt av å vise til at NTP måtte vere ansvarleg og realistisk. Resten av panelet var tydelege på at det er store forventningar til NTP for korleis ein skal binde vestlandet betre saman.

Avslutningsvis manar fylkesordførar Jon Askeland til kamp.
- Vi må aldri gi opp kampen for vegane vi treng. Dersom vi får gjennomslag for våre prosjekt i regjeringa sitt framlegg til NTP er det bra. Om ikkje må vi mobilisere alt som er av næringsliv og interesser for å ta kampen i Stortinget, seier Askeland.
Samferdsle

LES FLEIRE NYHENDE