SNR styret på besøk på HVL
Styret følgjer godt med medan Gunnhild Høgås forklarer korleis høgteknologiske "pasientar" blir brukt for å gi studentane ei god og realistisk opplæring.

Styremøte på Noregs vakraste campus

06.03.2024 | Tekst: Torbjørn Brosvik
Styremøtet vart denne gongen halde på Høgskulen på Vestlandet på Rommetveit. Dagen starta med ei god omvising på sjukepleiarutdanninga og på læringslabben.
På sjukepleiarutdanninga på Rommetveit har dei ein fullt funksjonell sjukeheimsavdeling. Med topp moderne utstyr kan elevane lære både teori og praksis slik at dei blir godt budde for oppgåvene som ventar når dei kjem ut i arbeidslivet. Her fekk me mellom anna sjå dukker frå Laerdal Medical som kunne simulere pasientar med både puls, pust, tale og ei rekke symptom studentane kunne bryne seg på. Avdelinga er heilt komplett og ligg inne i Stord kommune si beredskapsordning slik at den kan gå i gang på kort tid dersom det skulle bli naudsynt.


HVL har og ein læringslab, eit teknologibibliotek der studentar og andre kan låne og prøve ut forskjellig teknologi. Her er utstyr for podcast, video og redigering, droner og kamera. Det er pedagogisk utstyr for koding og leik, VR-briller og 3D-printing. Ein eigen driftsteknikar hjelper til og lærer opp studentar og tilsette i bruk av utstyret.


HVL på Rommetveit har ein lang og stolt historie heilt frå 1839. Plasseringa på Stord vart grunngjeven med at staden låg sentralt til ved skipsleia, at her var lite religiøs eller politisk fanatisme, at kommunen var så tett folkesett at seminaristane lett kunne skaffa seg husrom og at det også var nok elevar til å oppretta ein øvingsskule.

Saman med dei fire andre campusane, Førde, Sogndal, Bergen og Haugesund, jobbar no HVL fram mot å få status som universitet - Universitetet på Vestlandet.

Styret takkar for godt vertskap og set stor pris på å få sjå og høyre om arbeidet på Høgskulen på Vestlandet.

 
Bedriftsbesøk

LES FLEIRE NYHENDE