Flyplassmøte i Valhall
Flyplassjef Jan Morten Myklebust fortel litt om historia til flyplassen som no har vore i drift i 39 år.

Take Off: Flyruta Stord - Oslo

27.02.2024 | Tekst: Torbjørn Brosvik
1. april vert ein merkedag for Stord lufthamn og Sunnhordland. Då aukar flytilbodet opp frå 5 rotasjonar i veka i dag til 15. Tysdag var ordførarar, eigarar, DAT og næringsliv samla for å høyre litt om kva som har vore bakteppet for at flyruta Stord-Oslo no er inne på FOT-rutesystemet.
Flyplassjef Jan Morten Myklebust innleia møtet med ei lita historeforteljing om korleis flyplassen vart til og har vorten utvikla til det den er i dag.

- Politikarar frå alle parti, både lokalt, på fylket, i Storting og regjeringsapparat har vore viktige for opprettinga av flyplassen og for utviklinga. Sist no når Oslo-ruta har kome inn på FOT-systemet har det vore gjort ein formidabel innsats frå politikarar og næringsliv, fortel Myklebust.


Jakob Bjelland var statssekretær i Samferdsledepartementet og Finansdepartementet i tida då ny periode med FOT-ruter skulle vedtakast. 

- Kor mange er det som veit kva "FOT" eigentleg betyr? spør Bjelland, før har forklarer at det står for forpliktelsar til offentleg tenesteyting.

- Det var viktig at alle som talte Stord lufthamn si sak hadde den same bodskapen når dei snakka med regjeringsapparatet. Det vart óg lagt merke til at eigarane, Stord kommune og Vestland fylkeskommune sjølve gjekk inn og sikra drift ved å garantere for flyruta under pandemien, fortel Bjelland, utan å gå i detaljar om vurderingane i regjeringa.


Robert Rungholm, kommersiell direktør i DAT, presenterer maksprisar frå 1. april.

- No når det er blitt FOT-ruter er prisane vesentleg redusert frå tidlegare. Prisen for ein full flex-billett går ned frå kr 2 499,- til kr 1 190,-, ein reduksjon på heile 52 %. For folk flest kan ein bestille ein god-billett for kr 695,-. Ut over dette vil det óg komme andre tilbud, som til dømes førstemann til mølla, seier Rungholm entusiastisk.

- Vi startar no opp flyging med 15 rotasjonar i veka og har stor tru på at vi skal klare å få gode passasjertal, held Rungholm fram. Stord - Oslo er ei viktig rute for DAT og samarbeidet her med Stord lufthamn er heilt unikt.



Eigarane av lufthamna, Stord kommune ved ordførar Sigbjørn Framnes og Vestland fylkeskommune ved Kine Brattli Dale er begge imponert over innsatsen som har vorte lagt ned så langt og held fram kor viktig flytilbodet til Stord er for næringsliv og innbyggarar.


Edgar Damås, Head of  Strategic Yard Agreements & Partnerships i Aker Solutions, viser til at verftet vil ha mykje arbeid og stort behov for folk på Stord dei komande åra.

- Stord Lufthamn gjer reising til og frå Stord vesentlig lettare. Våre lærlingar, arbeidarar, partnarar og kundar har etterlyst lettare måtar å komme seg til oss, og då er det veldig kjekt å kunne sei at det no blir betre flytilbod. Berre Aker Solution åleine vil ta mange seter kvar veke, seier Damås.

Til neste år er Stord Lufthamn 40 år, og planlegginga av ei markering er godt i gang. Det er og god grunn til å tru at ein og kan feire gode passasjertal!
Samlingar

LES FLEIRE NYHENDE